Rammeavtale med Forlaget Manifest
L+M=sant!
Me feirer med raude jordbær.
Leirbålet og Forlaget Manifest inngår 2-årig rammeavtale om lydbokproduksjon.
Ved Leirbålet er me ekstra nøgde når me kjenner me får bidra til at det offentlege ordskiftet kan vere mangfaldig og betre informert, og då er det lett og meiningsfullt å samarbeide med ein aktør som Manifest som driv forlagsverksemd med uttalt formål å spreie kunnskap, engasjere og skape debatt.
Me menneske lagar så mykje betre løysingar når me møtest på eit torg (eller rundt eit bål) og pratar saman og lærer av kvarandre, enn når me tar rennefart i kommentarfelta. Og om me i tillegg kan møtast på slike stader med bøker i bagasjen, finst det enno håp om eit klokare, rausare, meir konstruktivt samfunn der framme – det opplyste ueinigheits-fellesskapet me jobbar for.
Forlagssjef hjå Manifest, Kamilla Simonnes, seier:
«Leirbålet er en dyktig og profesjonell lydbokprodusent, som vi allerede har hatt gleden av å samarbeide med. Med avtalen vi nå inngår, sikrer vi gode rammer for det videre arbeidet med vår lydbokproduksjon. Vi ser fram til fortsettelsen!»
Det gjer me òg, og gler oss over moglegheita til å gjere spørsmål, innspel og løysingar frå venstresida tilgjengelege på lyd, til gagn for både dei som føretrekk å lese på denne måten, og dei som må!