Forlenger rammeavtale om lydbokproduksjon
Eit knitrande bål ein sein haustdag
Me er glade for å melde at KABB - Kristent Arbeid Blant Blinde og svaksynte - og Leirbålet signerer for 2 nye år. Det er givande å få bruke dagane sine saman med tekstar om dei store spørsmåla i livet, og givande å få halde fram med å gjere dei tilgjengelege for fleire. I ei av lydbøkene me produserte i 2025, Fyrste Mosebok - Ein livsvisjon, av Hans Johan Sagrusten, trefte dette fine biletet oss ekstra hardt:
“Dette var lenge før forteljingane vart til bøker. Dette var lenge før dei tynne arka og det knitrande papiret. I Opphavsboka er det bålet som knitrar, medan kveldsbrisen blar i lauva utanfor teltet. I denne stilla er det historiene blir fortalde. [ … ]
Og etter ei stund er det nesten som om ringen ved bålet blir utvida: Dei ser andre som sit rundt den same elden, menneske frå ei anna tid. Dei òg sat slik og fortalde desse historiene – eller dei levde i dei sjølve. Det er som om personane i forteljingane sit i den same ringen, og dei nikkar til det som blir fortalt. [ … ]
Teologane har ofte behandla skapingsforteljinga som eit skrivebordsprodukt. Men ho er eit leirbålprodukt. Eit produkt av fellesskapet rundt den knitrande elden, av ljoset som flakkar over andletet på ei gruppe menneske i alle aldrar.”
Å få bidra til å utvide det fellesskapet er ei gåve - stolte og fulle av takksemd trekk me litt tettare saman og litt nærare ljoset og ser fram til fleire dagar med slike tekstar - uansett om dei oppstod ved skrivebordet eller rundt bålet.
Generalsekretær Elisabeth Lund seier dette:
“Vi er så glade for at vi i vårt samarbeid kan fortsette å tilrettelegge litteratur, slik at alle kan få plass rundt leirbålet – uavhengig av leseutfordringer!”