Me er gode på:

Ikon for lydbok

Lydbok

Med eit overordna fokus på tekstformidling og lydkvalitet, ordnar me med prosjektleiing, casting, kontrakthandtering og honorering av innlesarar, innspeling (med og uten teknikar), lydetterarbeid og mastring.

I tillegg kan me fikse kontentum, musikk og lydeffektar dersom du ønsker berika lydforteljingar.

Du kan vere så involvert i prosessen som du ønsker eller du kan overlate alt til oss.

Me leverer lydbøker av høgaste kvalitet i alle dei vanlegaste formata: audiobook, W3C audiobook, DAISY og EPUB3 med synkronisert tekst og lyd.

Ikon for podkast

Podkast

Har du ein idé til ein pratepodkast, eller lurer på korleis du kan presentere ei bok i podkastformat?

Me kan bistå deg med å utvikle konseptet ditt, tilpasse eller utarbeide manus for lyd, finne dei rette stemmene, spele inn, redigere, mastre, strukturere, transkribere og publisere.

Ikon for universell utforming

Me brenn for eit samfunn der alle får vere med, og vil gjerne hjelpe deg med å gjere litteratur på lyd tilgjengeleg for fleire.

Me sørger for at lydboka, lyddramaet eller podkasten din møter komande krav til universell utforming slik at alle får plass rundt leirbålet, og ser til at kunnskapen får bli igjen i verksemda di òg.

Saman kan me bygge tilgjengelegheit inn i produksjonslina di!

Universell utforming

Ta kontakt

Fortell oss om prosjektet ditt og høyr kva me kan gjere for deg