Vårt første fullskala lyddrama!

Den siste hytteturen omslagsbilde. Moderne hytte i snøkledd fjellandskap i skumringen. I rollene: Sigrid Bonde Tusvik, Mathilde Storm, Eili Harboe, Filip Bargee Ramberg og Christoffer Mæland.

Foto: Podme/Samlaget

26. mars påsken 2026 slipper Det Norske Samlaget “Den siste hytteturen”, eit lyddrama i 7 episodar produsert ved Leirbålet, eksklusivt for Podme. Påskekrimserien er det Anne Gunn Halvorsen og Randi Fuglehaug som har skrive, og me høyrer stemmene til Sigrid Bonde Tusvik, Mathilde Storm, Eili Harboe, Filip Bargee Ramberg og Christoffer Mæland.

Leirbålet har bidrege til casting, stått for regi og innspeling, og har samarbeidd med lydbyrået Verdens Sterkeste Mann om lyddesignet.

Frå pressemeldinga:

– Vi er veldig glade for å kunne gje lyttarane ei heilt unik oppleving av påskekrim i år! Samarbeidet med Samlaget har vore givande og eg er så glad for at dei kom til oss med denne ideen, sier Mathias Thaulow Lisberg, innhaldssjef i Podme.

Serien er på sju episoder og er tilgjengeleg for Podmes over 200 000 abonnenter.

– Dette er ein påskekrim lyttarane verkeleg kan leve seg inn i. Den siste hytteturen treff midt i den norske påskekrimtradisjonen, og vi trur den vil fenge både krimfans og nye lyttarar sier Berit Rødstøl i Samlaget.

Om Den siste hytteturen:

Vennegjengen på fire reiser til fjells for å feire fullført medisinstudium med ein hyttetur. Alt ligg til rette for ei perfekt påskehelg, men snart viser det seg at dei har leigd seg inn i eit moderne hyttemareritt.

Ute herjar stormen. Inne slår vennskapet sprekker. Gamle hemmelegheiter kjem for dagen, og eit spørsmål pressar seg fram: Kven har eigentleg lokka dei ut i øydemarka? Er det fleire som veit kva dei har gjort?

Det som skulle vere ei feiring av vennskap, blir ein kamp på liv og død.

Leirbålet er stolte over å ha bidrege til dette prosjektet, og håper det finn mange lyttarar - me vil nemleg svært gjerne gjere meir sånt! Blod på tann, som det påskekrimpassande heiter.

SamlagetPodmeVerdens Sterkeste Mann

Neste
Neste

Kongen av Os vinn ein Storytel Award